Innhold

Torgfest: Kvifor i all verda har vi venta så lenge med dette

Bluesbandet med Geir-Magne Johnsen Moberg i front gjorde comeback på kveldens Torgfest. Og det var nok fleire enn Johnsen sjølv som lurte på kvifor bandet hadde venta så lenge med å samlast igjen. Heile 12 år er det gått sidan førre konsert.

– Har taket det bra? Har fronten det bra? Har alle det bra, ropte Johnsen før han introduserte det som han kalla for bandet sin «one hit wonder».

– Kosar oss veldig

Årets Torgfest var velsigna med minst like bra vêr som i fjor. Publikum var minst like glade og musikken minst like bra.

Då The Untouchabl(u)es gjekk på scena litt før klokka ni, hadde Vivillain, Ole Reinert Berg-Olsen aka ORBO og Gina Aspenes alt vore i elden.

– Vi kosar oss veldig, seier Ann-Elin Berge, Kari Solberg og Eva Størksen.

– Når det skjer noko i bygda, stiller vi. Dessutan er det høgkvalitet på heile arrangementet. Alt er heilt supert, legg Berge til.

Damene vedgår at dei gler seg litt ekstra til gjensynet med The Untouchabl(u)es, men…

– Vi hadde vore her uansett, seier dei.

Trekløveret var langt frå dei einaste som naut vêret, folkelivet og musikken på Øyro. Tom Lerpold og Eva Fløysand flytta frå Åsane til Os for to år sidan. I kveld var dei på Torgfest for første gang.

– Vi må få med oss det som skjer, men vi er litt skuffa over vêret. Det regnar jo ikkje, seier Lerpold og smilar.

Kine Sælen Hatlelid, Ann Helen Bjoarvik og Ann Helen Rein har sikra seg eit bord på første rad. Då dei kom var det ingen sitteplassar ledig.

– Heldigvis fann Bjarte (Andersen, dagleg leiar på Catten) bord og stolar til oss, seier dei nøgd.

Dobbelt så mange som i fjor

I fjor var det nesten 300 gjester på Torgfesten på Øyro. I år er det dobbelt så mange.

– 600 billettar er selte, fortel sentrumssjef William Lindborg.

Lindborg synest kvelden har gått veldig bra.

– Folk kom tidleg, og det ser ut som om dei har hatt det kjekt heile tida. Veldig gøy at folk dansa framføre scena då The Untouchabl(u)es spela, seier han.

 

Tekst og foto: Camilla Kvamme, Os og Fusaposten 26.05.2018

camilla.kvamme@osogfusa.no

Breadcrumb