Torgfest på Øyro 25. mai 2019

Siste helg i mai er synonymt med fint vêr og Torgfest På Øyro! Ta med deg kjente og kjære for å kjenne på stemninga og lytte til bra musikk.

For tredje gong er vi klare for å laga Torgfest på Øyro.

Her kan du få tak i billettar:

TicketCo

 

Følg oss også på FaceBook for løpande oppdateringar.

 

Artistar 2019:

-Elg-
Vi tør påstå at ingen i det ganske land har høgare status som rockevokalist, frontmann, norgesyndling, sjølvutnemnd hippie og langhåra godgut som Elg. Difor var det heilt naturleg for oss å prøva og få han til Torgfest På Øyro 2019. Det klarte vi jaggu! Mannen som i fjor vår gjorde seg fortent til tittelen “Århundrets stemme”, kjem til Øyro 25. mai 2019 for å spele nokre av sine egne låter, og i tillegg vera gjest med Undercover for å spele i lag med Olav, Jens og Århundrets Eirik. Dette blir ein saga for Ossoga du absolutt vil vera ein del av!

-Bighorn Butterboys-
Våre venar i Bighorn Butterboys kjem tilbake til Torgfest På Øyro 2019 for å spre sitt glade og energiske budskap. Dei fire skjeggpryda karane har sidan sist reist land og strand for å glede folk med sin ærlege, banjofiserte og gledespreiande musikk. Dei har òg gitt ut den egenskrevne låten “Suicide” som på få veker allereie hadde 30 000 lyttingar på Spotify og som dei høstar mykje skryt for fra alle kantar. Om du var på Torgfest På Øyro for to år sidan veit du at det er vanskeleg å sitje stille når Bighorn Butterboys smører musikk i øyrene dine. Vi gler oss til å sjå dei og deg på Torgfest På Øyro 25. mai 2019!

-Håvard Skåtun-
Vi har ikkje noko kommunalt mandat til å avgjere eller tilretteleggje for noko i det heile, men er glade i våre vordande naboar i aust og tenkjer at som framtidige ektefeller har vi i alle fall eit sjølvutnemnd ansvar for å koma i lag og nyta kvarandre sitt åsyn. Difor inviterer vi deg frå Fusa til å koma på Torgfest På Øyro, og er full av glede av å kunne seie at Håvard Skåtun kjem med bandet sitt for å spela deilig musikk for oss 25. mai 2019!

-Sleepwalkers-
Ungdommane i Sleepwalkers har vore eit band i fleire år tross den unge alderen. Dei ymse medlemmane har opptrådt på feks. UKM i mangfoldige konstellasjoner og står for eit ganske bredt og variert uttrykk. Med tio har dei òg gitt ut nokre eigenskrevne låter som fenger, og dei er tøffe som bly når dei står på scenen! Vi gler oss til vi får oppleva Sleepwalkers på Torgfest På Øyro, 25. mai 2019!

-Undercover-
Gladgutane i Undercover blir som vanleg å sjå på scenen på Torgfest På Øyro. Dei har i år som tidlegare år med seg Kim Guldbrandsen på tangentar for å gi dykk eit fullverdig show. Dei har slipt gullstrupene, stemt instrumenta og lover godlåter ein både kan drikka og dansa til! Spesielt gler dei seg i år til å vera Elg sitt band når han opptrer på Torgfest På Øyro, 25. mai 2019!

Breadcrumb