Innhold

Parkering

Det er gratis for besøkande å parkere i Os Sentrum på merka plassar. I Os Sentrum finn du 30 minutts, 2-, 3- og 8-timars parkering. Sjå kartet med oversikt over dei ulike parkeringssonene.

Parkeringsplassen framfor Rådhuset er stengt med bom mellom midnatt og klokka 09.00 på morgonen. Bommane opnar seg automatisk når du kjem fram til dei.

Her parkerer du i Os sentrum

Tidsavgrensinga er markert med eit parkeringsskivesymbol på underskilt til parkeringsskiltet.

Når du parkerer i desse sonene, må du markera tidspunktet for når du parkerte, anten ved hjelp av ei parkeringsskive eller ved å skrive klokkeslettet på ein lapp, og leggja det godt synleg i frontruta.

Rørslehemma med parkeringskort kan parkere utover maksimal parkeringstid, dersom parkeringskortet for rørslehemma er godt synleg i frontruta.

Når parkeringstida går ut, må køyretøyet fjernast frå parkeringsplassen. Gebyr for brot på parkeringsreglane er kr 500,-

 

Slik brukar du parkeringsskiva

Still inn klokkeslettet for når du parkerte på parkeringsskiva, og legg ho godt synleg i frontruta. Dersom du ikkje har parkeringsskive, kan du skrive klokkeslettet på ein lapp.

Du får gratis parkeringsskiver i butikkane i Os sentrum og i Kommunetorget på Os rådhus.

 

Ladestasjon for elbil

Det er seks ladestasjoner med til saman 12 uttak i Os sentrum. Ladestasjonane kan nyttast av alle innanfor gjeldande parkeringsreglar.

Dei offentlege ladestasjonane, finn du parkeringsplassen utanfor Rådhuset, og ved Kyrkjelydshuset Tunet. Dette er ulike Type 2 – 32A – 7 KW lading.

Nærmaste hurtigladestasjon er ved Kiwi Gudriflaten

Adresse: Gudridflaten 5, 5200 Os

Antall ladepunkt: 8

Fordeling:

3 CHAdeMO (Hurtig DC). 3 Combo (Hurtig DC). 2 Type 2 (Semihurtig AC).

» map.chargedrive.com

Breadcrumb